Vilkår og betingelser for forhåndsreservasjon av parkering

Sist oppdatert juli 2018. Aktørane i dette dokumentet er:

  • Deg - den som reserverer parkering
  • Avinor - eigaren av nettstaden ein reserverer på samt parkeringsområda
  • Parkeringsoperatøren - seljaren av alle parkeringstenestene, utnemnt av Avinor

Kortversjon med det viktigaste – for deg som har det travelt

Desse vilkåra er gjeldande for førehandsbestilling av parkering på lufthamnene til Avinor. Avinor AS er eigaren av nettstaden du reserverer parkeringa på samt parkeringsområda. Parkeringsoperatøren er seljaren av parkeringstenestene og driftar kundesenteret.

Om du har spørsmål kan du sjå sida med spørsmål og svar (som du finn på bookingsida).

Finn du ikkje det du lurar på i spørsmål & svar, kan du kontakte kundesenteret til parkeringsoperatøren på lufthamna. I den detaljerte versjonen lenger ned, i punkt 2, finn du kontaktdetaljane til parkeringsoperatøren for lufthamna di.

Ved å akseptere desse kjøpsvilkåra, tillet du Avinor å sende dataa dine til parkeringsoperatøren. Informasjonen vil berre bli brukt i høve til reservasjonen din.

Reservasjon må som hovudregel gjerast seinast 5 timar før innkøyring.
Om det er mindre tid til innkøyring får ein ikkje bestilt. Når ein betener kalenderen på reservasjonssida, visast dei produkta og prisane som er tilgjengelege i den tidsperioden du har gjeve opp.

Du kan reservere parkering ved å vere logga inn i Min Profil eller utan å vere logga inn. Om du treng hjelp til Min Profil, finst det ei “hjelp til min profil”-side med spørsmål og svar på nettsida.

Du vil få ei reservasjonsstadfesting på e-post som er di kvittering for kjøpet. Førehandsreservasjon er basert på automatisk gjenkjenning av skiltnummeret til bilen slik at skiltnummeret fungerer som parkeringsbilletten din. Dette er nøye skildra på stadfestinga. Det er ditt ansvar at skiltnummeret du legg inn i reservasjonen er i samsvar med køyretøyet du brukar når du parkerer. Sjå punkt 5 lenger ned om endringar du kan gjere i reservasjonen din.

Du kan endre eller kansellere reservasjonen din sjølv. Dette må gjennomførast seinast eit gjeve tal timar før innkøyringstidspunktet i reservasjonen. Om produktet du har kjøpt må bestillast seinast 5 timar før innkøyring, gjeld også den same tidssperra for endring/kansellering.

Du kan ikkje endre eller kansellere ein reservasjon etter parkeringstida har starta (til dømes utvide parkeringstida medan ein står parkert).

Om du ikkje får gjennomført ein reservasjon, eller gjennomfører ein reservasjon feil, uansett årsak, er ikkje Avinor eller parkeringsoperatøren ansvarleg for ein eventuell meirkostnad du måtte ha som følgje av det.

Detaljert versjon – når du har litt meir tid

  1. Om nettstaden

Desse vilkåra gjeld for parkeringsreservasjon gjennomført via www.avinor.no og alle andre nettadresser som drivast av Avinor AS. I løpet av bestillinga rutast du vidare til leverandøren vår av betalingstenester, Nets. Det er Avinor som eig parkeringsområda på lufthamnene.

Nettstaden www.avinor.no eigast av Avinor AS som er eit registrert selskap i Noreg. 

Avinor AS | Pb 150 | N-2061 Gardermoen | +47 815 30 550 | Org. nr. 985 198 292 MVA

  1. Parkeringsoperatøren og kontaktinformasjon til kundesenter

Parkeringsoperatøren opptrer som seljar av parkeringstenestene på lufthamnene på vegner av Avinor. Dette gjeld også sal av førehandsreservasjon/booking. Same vilkår gjeld for booking av parkering på alle lufthamner.

Sjå lista for å finne parkeringsoperatøren på di lufthamn samt kontaktinfo til kundesenteret til parkeringsoperatøren.

 

Apcoa Parking

Apcoa Parking 

Onepark

Alta lufthavn

Bergen lufthavn

Oslo lufthavn

Bardufoss lufthavn 

Stavanger lufthavn

 

Bodø lufthavn

Trondheim lufthavn

 

Brønnøysund lufthavn

 

 

Florø lufthamn

 

 

Førde lufthamn

 

 

Hammerfest lufthavn

 

 

Harstad/Narvik lufthavn

 

 

Haugesund lufthavn

 

 

Kirkenes lufthavn

 

 

Kristiansand lufthavn

 

 

Kristiansund lufthavn

 

 

Lakselv lufthavn

 

 

Leknes lufthavn

 

 

Mo i Rana lufthavn

 

 

Molde lufthavn

 

 

Mosjøen lufthavn

 

 

Namsos lufthavn

 

 

Røros lufthavn

 

 

Rørvik lufthavn

 

 

Sandane lufthamn

 

 

Sandnessjøen lufthavn

 

 

Sogndal lufthamn

 

 

Stokmarknes lufthavn

 

 

Svolvær lufthavn

 

 

Tromsø lufthavn

 

 

Vadsø lufthavn

 

 

Ørsta-Volda lufthamn

 

 

Ålesund lufthavn

 

 

Onepark AS | +47 64 81 19 80 | oslo.lufthavn@onepark.no | Martin Linges vei 25, 1364 Fornebu | Foretaksregisteret 998638984MVA

Apcoa Parking AS (Europark) | +47 22 05 75 00 | kundesenter@apcoa.no | Sandakerveien 138, 0484 Oslo | Foretaksregisteret 929292065 MVA

  1. Bestillingsstadfestinga og kvittering

Når du førehandsbestiller parkering, vil du få ei stadfesting på bestillinga til den e-postadressa du har gjeve opp. Av denne vil alle detaljar i den aktuelle reservasjonen gå fram. Stadfestinga er også kvitteringa di. Ho inneheld eit unikt referansenummer som høyrer til bestillinga di. Skildringa av korleis du gjer det når du kjem fram til og dreg frå parkeringsområdet finn du på denne stadfestinga.

Bestillinga kan ikkje overførast frå deg til ein annan person, til anna køyretøy eller til ei anna lufthamn eller parkeringsanlegg utanfor lufthamna, men du kan gjere endringar i bestillinga di, sjå punkt 5.

Kontroller detaljane i stadfestinga og at dei er korrekte. Køyretøyet ditt vil bli gjenkjent ved innkøyring til p-området basert på skiltnummeret. Skiltnummeret fungerer som parkeringsbilletten din. Det er ditt ansvar at skiltnummeret du legg inn i reservasjonen er i samsvar med køyretøyet du brukar når du parkerer. Sjå også punkt 5 om endringar du kan gjere i reservasjonen din.

  1. Parkeringsprodukta, parkering lenger enn bestilt tid, prisar og betaling

Når du har gjeve opp ønskt parkeringstid i kalenderen, vil dei parkeringstilboda vi har tilgjengeleg i dette tidsintervallet visast for deg.

Hovudsakleg må ein reservasjon gjennomførast seinast 5 timar før den planlagde innkøyringa, men det kan vere produkt som avvik frå dette. Slike avgrensingar vil stå i produktskildringa.

Produkt kan ha ei minimum/maksimum parkeringstid eller andre element som avgrensar om produktet kjem opp i søket ditt (til dømes vil ikkje eit helgeparkeringsprodukt visast om du vel 1 veke). Slike avgrensingar vil stå i produktskildringa.

Om du ikkje får opp nokre parkeringsprodukt eller det produktet du ønskjer ikkje visast, kan det vere at produktet har ei avgrensing, du er for seint ute eller at produktet er utseld.

Det er sett av eit bestemt tal plassar til førehandsreservering. Om du ikkje finn det parkeringsproduktet du er på jakt etter, kan det vere vi ikkje har fleire plassar å tilby for førehandsreservering. Plassane som eventuelt er igjen på parkeringsområdet er haldne av til drop-in-parkering.

Om du blir ståande parkert utover den tida som du har reservert, vil dette resultere i ein tilleggsperiode. Dette gjeld både om du kjem før reservert innkøyringstid eller etter reservert utkøyringstid. Du må betale for den ekstra tida, uavhengig av årsaka til at parkeringstida har blitt utvida. Betaling for denne ekstra tida gjerast på same måte som vanleg drop-in-parkering. Ekstratida blir belasta etter normalprisen på det aktuelle parkeringsområdet. Ekstratida vil ta til å gjelde frå parkeringstida utanom reservasjonen, ho vil ikkje inkludere tida du allereie har kjøpt. Du vil finne normalprisen på nettsidene våre. Sjå også punkt 5 for korrekt endring/kansellering av reservasjonen.

Ei førehandsreservering gjeld berre éi parkering. Det vil seie éi innkøyring med den påfølgjande utkøyringa. Ein kan ikkje køyre inn og ut fleire gongar på same reservasjon. Om ein køyrer ut frå parkeringsområdet tidlegare enn det ein har reservert for, vil reservasjonen reknast som avslutta. Om ein køyrer inn igjen innanfor same reservasjonstid, vil dette starte ei ny parkering som ein vil bli belasta for i sin heilskap. Ubrukt parkeringstid i ein reservasjon vil ikkje refunderast. Sjå punkt 5 for korrekt endring/kansellering av reservasjonen.

Ei førehandsreservering gjeld komplett opphald med inn- og utkøyring. Om du prøvar å forlenge parkeringa med å gjennomføre ein ny reservasjon på ein allereie eksisterande reservasjon, vil den nye reservasjonen mangle innkøyring og den første reservasjonen mangle ei utkøyring. Dette vil resultere i tilleggsperiodar for deg som du blir belasta for og du vil ikkje ha rett til refundering. Sjå punkt 5 for korrekt endring/kansellering av reservasjonen.

Alle prisar på nettsida visast i norske kroner og inkluderer mva. Transaksjonen vil vere merkt med parkeringsoperatør + namn på lufthamn på fakturaen din eller kvitteringa frå banken.

Prisane for førehandsreservering er varierande og kan avvike frå prisen for drop-in-parkering. Prisen du får på skjermen er berre gyldig på tidspunktet for bestilling og basert på valet ditt av dato, tidspunkt og produkt. Når du gjennomfører ein reservasjon godtek du denne prisen på kjøpstidspunktet. Prisen kan vere annleis neste gong du reserverer parkering.

Kampanjetilbod vil seie ein lova pris på eit gjeve produkt i eit avgrensa tidsrom. Kommunikasjonen i marknadsføringa vår skal alltid vere tydeleg på desse kriteria. Det er ikkje mogleg å få kampanjeprisar utanfor gjeven kampanjeperiode. Kampanjeprodukt vil ha avgrensa tal og kan vere utselde i delar av kampanjeperioden.

Det er du som har ansvaret for å gjennomføre reservasjonen din. Om du ikkje får gjennomført ein reservasjon, eller gjennomfører ein reservasjon feil, er ikkje Avinor eller parkeringsoperatøren ansvarleg for ein eventuell meirkostnad du måtte ha som følgje av dette. Dette gjeld uansett årsak; om eininga du reserverer frå feilar, nettverket du brukar ikkje er optimalt, betalingskort ikkje aksepterast, betalingsteneste frå Nets er nede, nettsida vår opplevast som nede og liknande. Om nettsida vår er nede som følgje av oppgraderingar, vil det alltid bli gjeve melding om det på nettsida slik at du vil vere klar over dette.

  1. Endring, kansellering og refundering av førehandsreservasjon

Den same nettsida som du reserverte på, brukast for å administrere bestillinga di. Spørsmål & svar finst på nettsida, og her er skildringa av korleis du administrerer henne.

Tidsfrist for endring og kansellering: Som hovudregel må ei endring/kansellering gjennomførast seinast 5 timar før innkøyringstidspunktet i reservasjonen. Etter denne tidsfristen vil ein ikkje kunne gjennomføre ei endring/kansellering. Somme parkeringsprodukt kan ikkje endrast/kansellerast, eller ha ein annan tidsfrist enn nemnt over. Dette vil kome fram av produktskildringa når du bestiller.

Du kan endre parkeringsområde og/eller innkøyringsdato/tid. Om ein eller fleire av desse parametrane blir endra, vil den gamle reservasjonen kansellerast og ein ny reservasjon opprettast. Du får automatisk tilbakebetalt beløpet for den “gamle” reservasjonen og betaler inn eit nytt beløp for den nye reservasjonen. Merk deg at om parkeringsproduktet du ønskjer å endre til er utseld, må du endre til eit ledig produkt eller kansellere reservasjonen.

I slike tilfelle, vil du få ei stadfesting for kansellering og for den nye reservasjonen ei på e-post.

Du kan endre personlege detaljar slik som namnet ditt, e-postadresse og skiltnummer på bilen. Ved endringar på berre personlege detaljar vil ikkje ein økonomisk transaksjon råkast og di originale bestilling vil behaldast. Skiltnummer kan endrast 2 timar før innkøyringstidspunktet i reservasjonen.

I slike tilfelle, vil du få ei stadfesting på e-post på endringa.

Du kan ikkje endre eller kansellere ein reservasjon etter parkeringstida har starta. Om du blir ståande lenger parkert enn det du har bestilt, så behandlast denne “ekstra” parkeringstida som ei vanleg ikkje-bestilt parkering, og du kan betale henne slik du betaler vanleg parkering. Sjå også punkt 4.

Om du oppdagar at du har køyrd inn på parkeringsområdet med feil skiltnummer i høve til bestillinga, må du straks kontakte parkeringsoperatøren. Du risikerer å bli belasta ekstra og det er ditt ansvar at det er samsvar mellom skiltnummeret i bestillinga og bilen du vel å parkere med.

Tilsvarande gjeld om du har køyrd inn på feil parkeringsområde. Reservasjonen gjeld berre på det parkeringsområdet som står på stadfestinga. Det er ditt ansvar å sjå til at du brukar korrekt parkeringsområde.

Alle refunderingar/tilbakebetalingar blir automatisk overførte til det betalingskortet du brukte i løysinga for den originale reservasjonen. Det blir aldri tilbakebetalt til ein annan konto. Avhengig av kva betalingskort og bank du brukar kan det ta opp til ei veke før beløpet er tilbakebetalt, det er bankkort-utferdaren som styrar tilbakebetalingstid.

Normalt er det ikkje noko gebyr for endring/kansellering. Om det likevel kjem i tillegg, vil dette vere tydeleg definert.

Om Avinor eller parkeringsoperatøren skulle kome til å endre eller kansellere reservasjonen din ved eit uhell, utan at det er avtalt med deg, vil vi refundere det mottekne beløpet på det same kredittkortet som betalinga har skjedd frå.

Avinor/parkeringsoperatøren tek ikkje på seg ansvar for endringar som måtte følgje av ei hending utanfor vår rimelege kontroll. Døme på slike hendingar er krig, terror, arbeidskonfliktar, naturkatastrofar, brann, ugunstige vêrtilhøve, offentlege reguleringar og kansellering/endring frå flyselskap. Vi vil ikkje gjere endringar eller kansellere di bestilling ved ei slik hending. Slike endringar eller kanselleringar må du sjølv utføre. Vi er heller ikkje plikta til refusjon av betaling i slike situasjonar.

Det blir ikkje gjeve nokon refusjon etter at reservert innkøyringstidspunkt er passert eller utgått, med mindre du har endra/kansellert etter skildringa ovanfor.

Parkeringstid som er reservert men ikkje brukt (heilt eller delvis) vil ikkje bli refundert.

Ingen refusjon blir gjeven med mindre du kan vise til ein førehandsbetalt bestillingsreferanse/kvittering med gyldig referansenummer. Refunderingar gjerast utelukkande til det kredittkortet den originale betalinga var gjennomført med.

Det blir ikkje gjeve noko erstatning eller refusjon som følgje av manglar eller driftsavbrot av booking-tenesta (t.d. tenesta er utilgjengeleg som følgje av feil eller oppgradering, feil på nettlesar, feil i nettet, feil på eininga du reserverer med o.l.). Avinor eller parkeringsoperatøren er ikkje plikta til å refundere dine eventuelle meirkostnader som måtte følgje av di bestilling/endring/kansellering. Sjå også punkt 4.

Ingen andre refunderingar vil bli gjort utover dei som er skildra i desse vilkåra.

  1. Køyretøyet ditt, bestillinga di og parkeringa di er ditt ansvar

Avinor og parkeringsoperatør er ikkje ansvarleg for om du ikkje rekk flyet ditt eller check-in om du har sett av for kort tid til parkering/gangavstand/transfertid til og frå terminalen. Rekna normal avstand/tid til terminalen er skildra i produktskildringa. Set også av tilstrekkeleg tid til å finne parkeringsområdet, ledig plass, pakke bagasje ut av bilen og liknande. I høgsesong (som ved dei store ferietidene og høgtidene) er det tilrådd å setje av ekstra god tid på grunn av høg trafikk.

Avinor og parkeringsoperatør ser til at parkeringsområda er så sikre og trygge som mogleg. Likevel kan vi ikkje garantere til ei kvar tid 100 % tryggleik på parkeringsområda. På alle parkeringsområda våre er det skilta med at den reisande parkerer på eige ansvar og risiko. Dette er også ein standard for heile parkeringsbransjen. Når du har parkert køyretøyet ditt er det ditt ansvar å: låse det forskriftsmessig, omhyggeleg lukke alle vindauge/dører/bagasjerom, setje på handbrekk, setje på eventuell alarm, startsperre, rattlås og liknande. Ikkje forlat dyr/kjæledyr eller personar igjen i bilen, sjå til at eigedelane dine er plasserte i eit låst forsvarleg rom og ikkje er lett synlege samt sjå til at køyretøyet er lovleg forsikra. Avinor og parkeringsoperatør kan ikkje haldast ansvarleg for eventuelle tap eller skadar som oppstår på køyretøyet eller eigedelar ved å la vere å følgje det nemnt over. Avinor/parkeringsoperatør tek heller ikkje ansvar for: skadar på køyretøyet ditt (enten det er uforskyldt eller hærverk), tjuveri av eller frå køyretøyet ditt under den tida det har stått parkert, med mindre slik skade eller tjuveri er forårsaka av uaktsemd frå Avinor/parkeringsoperatør og då berre i den grad at denne aktløysa direkte har medført skaden/tjuveriet.

Eventuelle skadar på eller tjuveri frå køyretøyet ditt som har skjedd under opphaldet ditt skal meldast frå om til parkeringsoperatøren før du forlet parkeringsområdet. Sjå kontaktdetaljar i punkt 2. Kontakt også eventuelt politi for å melde tilhøvet, samt forsikringsselskapet ditt.

Du må overhalde all skilting og andre instruksjonar når du ferdast på parkeringsområdet og på lufthamna sine område elles.

Om du ikkje kan hente bilen din før det har gått 30 døgn etter utkøyringstidspunktet i reservasjonen din, må du ta kontakt med parkeringsoperatør (sjå punkt 2) og spesifisere følgjande: Merke/type på køyretøyet, skiltnummer og andre kjenneteikn, parkeringsområde og omtrentleg posisjon på område, årsaka til at du vart hindra frå å hente køyretøyet, samt informasjon om forventa dag du vil vere tilbake for å hente det, nye kontaktdata (telefon, adresse, e-post) om desse er endra frå opphavleg bestilling. I tilfelle der vi ikkje mottek varsel som nemnt over, reknast bilen som forlate. Vi vil då ha rett til å taue bort bilen for eigars rekning samt belaste eigaren for medgått parkeringstid.

Om du parkerer på reserverte plassar utan å ha rett til det, vil ein risikere å bli pålagt kontrollavgift. Reserverte plassar kan til dømes vere HC-plassar (du må ha gyldig HC-kort i bilen), plassar for elbil (utan at du har ein elbil som ladar) og liknande. Reserverte plassar er alltid godt merkte.

Reserverte plassar til kundar som har førehandsbestilt parkering kan førekome. Desse plassane vil vere tydeleg merkte med skilt. Du er velkomen til å stå parkert der, så sant du har ei gyldig bestilling.

Gjeld Oslo lufthavn: Eventuelle skader må meldes til ONEPARK før bilen kjøres hjem/forlater området.  

Bilens eier er sjølv ansvarleg for at bilen er tilstrekkelig forsikret. ONEPARK kan avvise biler som ikke er i teknisk kjørbar eller sikkerhetsmessig stand.

Elles gjeld “Standardvilkår for parkering” (sjå www.parkeringsklagenemnda.no) ved bestilling av parkeringsplass. Ved reservering, parkering og ferdsel på parkeringsområdet reknast desse vilkåra som aksepterte. Ved motstrid mellom desse vilkåra og “Standardvilkår for parkering”, går standardvilkåra føre.

  1. Generelt

Alle kjøpsavtalar gjort via nettsida er underlagde norsk lovgjeving.

Desse vilkåra refererer berre til visning av denne nettstaden og for førehandskjøp av parkering. Eigne vilkår kan gjelde for andre produkt og tenester, premietrekningar, konkurransar og kampanjar, rabattkodar  m.m. Om andre vilkår gjeld, vil desse spesifiserast klart og tydeleg.

All personleg informasjon du gjev oss når du brukar denne nettstaden vil bli brukt i høve til retningslinjene våre for personvern. Ved bruk av nettstaden aksepterer du retningslinjene våre og vilkår for personvern. Retningslinjene kan du lese meir om i detalj ved å gå inn på lenkja “Personvern”.

Når du besøkjer eller brukar ein av nettstadene våre, aksepterer du at du berre kan gjere dette til privat bruk. Det er ikkje lov å kopiere, distribuere, endre, publisere, lenkje eller bruke noko av den informasjonen som finst her bortsett frå til eige privat bruk, med mindre Avinor har gjeve skriftleg løyve til slikt bruk. Bruk av eit kva som helst verktøy for å overvake eller forstyrre nettstaden vår er forbode. Du forstår og aksepterer at Avinor kan ekskludere deg frå sin nettstad utan varsel på førehand, om du misbrukar eller bryt vilkåra for bruk. Ved misbruk kan Avinor melde saka til politiet og ta rettslege skritt for å få kompensasjon for eventuelt økonomisk tap eller skade.

Vi reserverer oss retten til å endre desse vilkåra når det er behov for dette. Vilkåra tilhøyrande ei bestemt bestilling, er dei som var lagde ut på bestillingstidspunktet. Ikkje gå ut frå at vilkåra som gjaldt ved ein tidlegare reservasjon framleis gjeld ved neste bestilling. Vi rår deg difor til at du alltid les desse vilkåra før ei ny bestilling for å gjere deg viss på at du aksepterer dei.