Tidsavgrensa dispensasjon vintersesongane 2017/2018 og 2018/2019
Fylkesmannen har gitt Førde Lufthamn, Avinor AS tidsavgrensa dispensasjon frå nokre krav i utsleppsløyvet. Det kan vintersesongen 2017/2018 og 2018/2019 gjennomførast eit forsøk med oppsamling av glykolhaldig snø frå flyavising og dumping av snøen utfor kai i Kapstadvika i Dalsfjorden.
Dokumenta er og tilgjengelege via nettstaden www.fylkesmannen.no/Sogn-og-Fjordane eller frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.
Partar i saka og andre med rettsleg klageinteresse kan klage på dispensasjon frå vilkår i løyvet innan 3 veker etter denne kunngjeringa.