Hjelp til min profil

Her finn du svar på dei mest stilte spørsmåla om min profil.

This page is only available in Norwegian

Eg får melding om at telefonnummeret allereie er i bruk. 

Det kan kome av at du har logga deg inn med mobilnummeret ditt tidlegare.

Slik gjer du:

  1. Logg deg inn med mobilnummeret ditt.
  2. Vel så “slett min profil” nedst på profilsida.

Då vil ikkje mobilnummeret lenger vere i bruk som ein annan separat konto. 

  1. Logg deg så inn på nytt med e-postadressa di og passord.
  2. Vel “min profil” og legg til mobilnummer.

Eg får melding om at e-postadressa allereie er i bruk.


Det kan kome av at du har logga deg inn med e-posten din og passord tidlegare.

Slik gjer du:

  1. Logg inn med e-postadressa di.
  2. Vel “slett min profil” nedst på profilsida.

Då vil ikkje e-posten lenger vere i bruk som ein annan separat konto.

  1. Logg så inn med mobilnummer og tast koden du får på SMS.
  2. Vel “min profil” og legg til e-postadressa di.

Eg får meldinga “ugyldig nøkkel” når eg prøvar å leggje inn eit passord som tilfredsstillar dykkar krav til passord.

Du kan løyse dette ved å tilbakestille passordet ditt. Slik gjer du det:

  1. Klikk her for å tilbakestille passordet ditt
  2. Opne e-posten du får og opprett nytt passord.

Systemet godtek ikkje passordet eg legg inn

Passord må vere minst 7 teikn, innehalde ein stor bokstav, ein liten bokstav og minst eitt tal eller eitt spesialteikn.

Eg får ikkje verifiseringsepost frå dykk?

Det kan ofte kome av at e-posten hamnar i spamfilteret. Ver venleg og sjekk dette:

  1. Sjekk om e-posten har hamna i “spam/søppel”-filteret i mailboksen din.
  2. Om du ikkje finn e-posten, kan det hende den blir stoppa av mailservaren din.
  3. Om ingenting hjelper kan du kontakte e-postleverandøren din til å tillate e-post frå noreply-minprofil@avinor.no.

Eg kjem ikkje inn på min profil. Kva kjem dette av?

Om du har prøvd alt og framleis ikkje greier å logge inn treng vi meir informasjon frå deg. Klikk her for å ta kontakt med oss slik at vi kan hjelpe deg.

Kvifor har eg har fått tekstmeldingar frå Avinor med meldinga «XXX er eingangskode frå Avinor, bruk koden for å logge inn på Min profil» eller på engelsk "Your verification code is XXXX"?

Når du prøvar å logge på “min profil” sender vi ut “eingangskodar” som brukast til å logge på “min profil” på avinor.no med bruk av mobilnummer.  

Koden må brukast innanfor ein periode på 10 minutt. Det kan hende at du må prøve å logge på igjen for å få tilsendt ein ny kode.

Om du ikkje har prøvd å logge inn kan det vere at nokon har tasta feil mobilnummer under innlogging. Dei vil ikkje kome inn utan å bruke koden du har fått på SMS.

Kvifor må eg svare JA på begge samtykka når eg registrerer meg som brukar for å kunne bestille parkering?

Du kan bestille parkering på avinor.no utan å opprette ein profil eller logge inn. 

Slik gjer du:

  1. Vel flyplass.
  2. Vel så “Bestill parkering” og ønskt parkeringsprodukt.
  3. Trykk så “Fortset utan å logge inn”. Då legg du berre inn nødvendig kontaktinformasjon slik at vi kan sende deg innkøyringsbevis og kvittering.
  4. Følg så stega vidare i bestillinga. 

Dette er fordelane med å registrere ein profil:

  • Enklare oversikt over reisa di.
  • Du kan få relevante reisetips.
  • Få status på flyreisa di (forseinkingar etc).
  • Få relevante tips om fasilitetar på flyplassen du reiser frå.
  • Sjå kvitteringar over tidlegare kjøp av parkering.
  • Administrere parkeringa di.

For å få tips må du difor samtykke til dette først.

Til å opprette ein profil i Min profil hos Avinor må ein svare JA på det første samtykke om personinformasjon.

E-postadressa di vil bli sletta etter 24 timar om du ikkje godtek at Avinor kan samle personinformasjonen din.

Eg vil bruke tenesta “følg reisa”. Kvifor må eg gje samtykke på begge spørsmåla?

For å følgje ei reise på avinor.no krev dette samtykke. For å kunne gje deg relevante reisetips og halde deg oppdatert om status på reisa di, treng vi samtykke til at vi kan gje informasjon om deg og reisa di.

Du kan følgje reisa di på Avinor-appen utan å opprette ein profil. Om du ønskjer ein profil i Avinor må du svare Ja på samtykket om personvern.

Eg prøver å logge meg inn, men SMS-koden er ikkje gyldig?

Koden du får på SMS er gyldig i 10 minutt.

Dette løyser du ved å få tilsendt ny kode ved å logge inn på nytt med mobilnummeret ditt. 

Korleis lagar eg nytt passord?

Slik gjer du:

  1. Klikk på lenkja gløymt passord, eller
  2. Du kan lage nytt passord under “Profil”.

Korleis slettar eg brukaren?

Slik gjer du:

  1. Logg inn på “min profil”.
  2. Vel “Profil”.
  3. Vel så “slett min profil”.

Profilen din med tilhøyrande data vil no bli sletta frå systema til Avinor.

Eg har gløymt passord. Kva gjer eg no?

Slik gjer du:

  1. Klikk her for å tilbakestille passordet ditt
  2. Følg rettleiinga vidare.