Betaling

This page is only available in Norwegian

Skiltnummeret blir lese ved innkøyring og startar p-tida. Ved utkøyring blir skiltet lese igjen og stoppar p-tida. 

Du treng ikkje løyse billett når du parkerer. Du får ikkje p-bot for manglande betaling. Hugs likevel å overhalde skilt og reglar for reservert parkering. Nedanfor kan du sjå korleis du kan betale. Du treng ikkje betale om innkøyring og utkøyring kun tek nokre få minutt, sjå skilt på staden for fri gjennomkøyringstid.

Betal med mobiltelefon

Mobiltelefonen fungerer som ein betalingsautomat. I appen Apcoa Flow kan du betale innan 48 timar etter utkøyring. Tast inn skiltnummeret ditt og betal med kort. Du treng ikkje opprette brukarprofil for å betale. Om du ønskjer å bli automatisk belasta for parkeringa kan du opprette brukarprofil. 

Last ned appen Apcoa Flow

Last ned app iOS
Last ned app til Android

Betal til betalingsautomat

Det er også vanleg betalingsautomat på staden. Tast inn skiltnummeret på bilen på automaten rett før utkøyring og betal med kort eller mynt.

Vent på faktura

Om ikkje betaling er registrert innan 48 timar sendast faktura til bileigar. Fakturaen vil vere pålydande parkeringstida du har brukt samt eit fakturagebyr på kr. 49,-.

Frekvente brukargrupper på lufthamna

Om du tilhøyrer ei av dei frekvente brukargruppene på lufthamna som parkerer ofte, har vi heilautomatiske løysingar for deg. Til dømes for tilsette, kontraktsparkerande og så vidare. Desse gruppene vil ha løysingar som syter for ei saumlaus parkeringsoppleving utan at dei treng å bruke betalingsmetodane nemnt ovanfor.