Internasjonalt samarbeid

Avinor Flysikring deltek i fleire internasjonale samarbeid:

NEFAB (North European Airspace Block)

Som EØS-medlemar er Noreg underlagt EU-lovgivinga «Eit felles europeisk luftrom», som skal sørge for eit godt samarbeid på tvers av landegrenser. NEFAB er eit luftromsamarbeid mellom Noreg, Finland, Estland og Latvia, den såkalla «Nord-europeiske funksjonelle luftromsblokken».

På NEFAB si heimeside kan du lese meir.

CANSO (Civil Air Navigation Services Organisation)

Den globale interesseorganisasjonen av flysikringsleverandørar, CANSO, har som hovudoppgåve å representere interessene til sivile flysikringsorganisasjonar globalt og regionalt. Målet er å bli einige om ei felles strategisk retning for å bli betre på område innan flysikringstenesta.

Borealis

Borealis er ein kommersiell forretningsallianse. Den inkluderer leverandørane for flysikringstenestar i Danmark, Estland, Finland, Island, Irland, Latvia, Noreg, Sverige og Storbritannia.

NORACON (the North Europan and Austrian Consortium)

Avinor representerer Noreg i nettverket NORACON, og deltek dermed i prosjekt i EU sitt forsknings- og utviklingsprogram SESAR Joint Undertaking. 

Eurocontrol

Noreg er medlem av Eurocontrol, ein europeisk organisasjon med base I Brussel, som styrer og utfører kontroll av trafikkflyten, samt står for statistikkar og analysere for trafikksituasjonen I Europa. Eurocontrol støttar implementeringa av sitt Single European Sky-regelverk, bidreg med Teknisk ekspertise og koordinerer sivil-militære problemstillingar I Europa.

Du kan følgje Eurocontrol på Twitter.

ICAO NAT (International Civil Aviation Organization – North Atlantic)

ICAO NAT er FNs luftfartsorganisasjon ICAO sitt regionale organ for NAT(North Atlantic)-regionen. Noreg har luftrom i NAT-regionen på grunn av ansvaret for lufttrafikktenesta I Bodø Oceanic FIR, derfor er vi forplikta til å delta I NAT.