Kva dyr må sendast i lasterommet?
Hovudregelen er at alle dyr må oppbevarast i eigne bur og sendast i lasterommet. Nokre flyselskap godtar ikkje gnagarar om bord i flyet, sjølv ikkje i lasterommet. Kva land du skal reise til kan òg påverke kva reglar som gjeld.
Kan nokre dyr vere med i kabinen?
Det er mogleg å ha med mindre dyr gjennom sikkerheitskontrollen og i kabinen, dersom flyselskapet ditt tillèt dette. Sjekk med flyselskapet du reiser med for å få informasjonen du treng om dette.
Kva kan eg gjere viss dyret er uroleg?
Ta med færrast mogleg lause gjenstandar slik at du kan konsentrere deg om å halde dyret ditt roleg. Snakk eventuelt med dyrlege i forkant av reisa for å få beroligande medisin.
Kva skal eg frakte dyret i?
Kjæledyret ditt må vere i bur som er godkjent for fly. Men her må du sjekke med flyselskapet ditt, ettersom kvart selskap har eigne interne reglar. Det er òg ulike reglar når det gjeld mat og drikke til dyret.
Må dyret skannast i sikkerheitskontrollen?
Avinor har fleire måtar å undersøkje dyr på som skal reise i lasterommet. Eit alternativ er å undersøkje buret utvendig med eit spesielt deteksjonsutstyr og gjere ein visuell kontroll innvendig i buret. Viss buret inneheld element som gjer det mogleg å skjule forbode gjenstandar, må dyret takast ut av buret og buret sendast gjennom røntgenmaskinen (hugs ekstra strips viss det er påkravd). Ønskjer ikkje eigar å ta ut dyret, må buret saman med dyret sendast gjennom røntgenmaskinen. Gjennomlysinga med røntgen er ikkje farleg for dyret.
Dette gjeld ikkje for dyr som reiser i kabinen (valpar/kattar o.l.). Dei sendast anten gjennom screening som handbagasje, eller passasjeren får bere dei med seg gjennom portalen.
Meir informasjon
Sjå òg Mattilsynets sider om reise med dyr. Mattilsynet har ansvaret for kontrollen av levande dyr som førast inn til Noreg.
For deg som skal reise til Svalbard
Grunna det sårbare dyrelivet på Svalbard finst det strenge reglar for inn- og utreise med dyr, og det er berre hund som er lov å ta med seg på rutefly (MERK: dette gjeld ikkje for sending av dyr som cargo, då det ligg eit eige regelverk til grunn for dette). For å reise med hund må du:
a) Innreise / reise til Svalbard:
- Gyldig innførselstillatelse frå Mattilsynet må vere i orden: Reise med hund, kanin, smågnagarar og burfugl til Svalbard | Mattilsynet
- Gyldig rabiesvaksine samt titrering av rabiesantistoff
- Gyldig vaksine mot valpesjuke
- Gyldig ektoparasittbehandling (loppe, flått, og lus) 1-21 dagar før ankomst Svalbard.
b) Utreise / reise frå Svalbard:
- Gyldig rabiesvaksine samt titrering av rabiesantistoff
- Varsle Mattilsynet før reise: Reise med kjæledyr frå Svalbard til Noregs fastland | Mattilsynet
- Hunden må gjennomgå klinisk undersøking samt parasittbehandling hos veterinær 24-120 timar før avreise.