Om skiltgjenkjenning

Skiltnummeret lesast ved innkøyring og startar p-tida. Du treng ikkje å trekkje billett. Ved utkøyring lesast skiltet igjen og stoppar p-tida. 

Om du har betalt parkeringa på førehand (t.d. fordelsparkering, leigeavtale, kontrakt eller booking) så har vi kvitelista bilen din og du treng ikkje gjere noko som helst. Sjekk avtalen din eller bookingstadfesting for meir informasjon.

Har du ikkje førehandsbestilt:

  • Betal på betalingsautomaten rett før du køyrer ut ved å leggje inn skiltnummeret
  • ELLER betal på mobilen etter du har køyrt ut innan 48 timar
  • ELLER vent på faktura, fakturagebyr kjem i tillegg

Det er sett ei fri gjennomkøyringstid. Om ein køyrer ut innan dette blir ein ikkje belasta. Om ein parkerer lenger, vil tida telje frå innkøyringstidspunktet. 

Med skiltgjenkjenning får ein ikkje parkeringsbot på grunn av manglande betaling.

Sjå film om skiltgjenkjenning

Parkeringa startar og stoppar automatisk ved at kamera les registreringsnummeret på bilen inn og ut av flyplassområdet. Du skal ikkje lenger trekkje billett. Du kan velje om du vil betale på automat, i appen eller om du vil vente på faktura i posten.