Hjelp til parkering

Følgjande spørsmål og svar gjeld sams for alle lufthamner som tilbyr førehandsreservering av parkering (booking). Der det er spesifikke ulikskapar på lufthamner vil dette stå forklart.

Kvar finn eg vilkåra?

Ein må stadfeste at ein har lese vilkåra våre før ein bestiller parkering. Dei ligg lenkja i kjøpsprosessen din og på bestillingssida elles. Her finner du vilkår for førehandsreservasjon av parkering.

Kva er oppgåvene til Avinor og parkeringsoperatøren?

Som vilkåra vil fortelje er Avinor eigaren av nettstaden du reserverer parkeringa på samt parkeringsområda. Parkeringsoperatøren er seljaren av parkeringstenestene og driftar kundesenteret. Det er alltid kundesenteret til parkeringsoperatøren du skal kontakte om du har spørsmål. Heilt nedst i desse spørsmål og svara finn du kontaktdetaljane til kundesenteret.  

Spørsmål og svar om korleis ein bestiller

Korleis førehandsbestiller eg parkering?

  1. Gå inn på avinor.no og vel flyplassen du skal reise frå. Vel deretter “Parkering”. Du vil kome på ei bestillingsside med ein kalender øvst, og ulike informasjonsboksar under.
  2. Legg inn dato og tidspunkt for inn- og utkøyring i kalenderen og klikk på “Finn parkering”.
  3. Du vil få presentert tilgjengelege parkeringsprodukt. Ved å klikke på pilen kan du lese meir om produktet. Vel ønskt produkt.
  4. Følg stega på skjermen vidare for å fullføre bestillinga.

Du kan bestille ved å vere logga inn i Min Profil eller utan å vere logga inn.

Kvifor får eg ikkje logga inn med Min Profil?

Min Profil er ei teneste frå Avinor som brukast på tvers av fleire nettløysingar hos Avinor.

Om du opplever feil med Min Profil og treng hjelp, finst “hjelp til min profil”-side med eigne spørsmål og svar om dette. Du finn lenkja til dømes i footaren på nettsida. Her finn du hjelp til min profil.

Kva gjer eg med bestillingsstadfestinga?

  1. Når du førehandsbestiller parkering, vil du få ei stadfesting på bestillinga til den e-postadressa du har gjeve opp. I denne vil alle detaljar i den aktuelle reservasjonen gå fram. Stadfestinga er kvitteringa di og ho inneheld eit unikt referansenummer som høyrer til bestillinga di.
  2. Skildring av korleis du gjer det når du kjem fram og forlet parkeringsområdet finst på denne stadfestinga.
  • Kontroller detaljane i stadfestinga og at dei er korrekte: Køyretøyet ditt vil bli gjenkjent ved innkøyring til p-området basert på skiltnummeret. Skiltnummeret fungerer som parkeringsbilletten din. Det er ditt ansvar at skiltnummeret du legg inn i reservasjonen er i samsvar med køyretøyet du brukar når du parkerer. Sjå også punkt 5 om endringar du kan gjere i reservasjonen din.

Kva gjer eg om eg ikkje får stadfestinga på e-post?

  • Sjekk om e-posten har hamna i spamfilteret
  • Brukar du “Min profil”, kan du logge deg inn der og klikke på namnet ditt øvst til høgre på skjermen slik at menyen kjem fram. Under Mi Parkering kan du søkje opp bookinga, ta ein dobbeltsjekk på om det er noko feil med e-postadressa du har valt og eventuelt endre henne til ei anna e-postadresse. Så kan du sende stadfestinga til deg sjølv på nytt.
  • Brukar du ikkje Min Profil, kan du finne igjen bookinga under “Administrer booking” og endre e-postadresse. Dette krev at du har bookingnummeret ditt. Så kan du sende stadfestinga på nytt.
  • Om du ikkje får til noko av det nemnt over, kontakt kundesenteret og be dei sjekke saka og sende deg ei ny stadfesting. Heilt nedst i desse spørsmål og svara finn du kontaktdetaljane til kundesenteret.  
  • Prøv eventuelt ei anna e-postadresse enn ho du har gjeve opp først om problemet held fram.

Merk deg følgjande:

  • Dei ulike leverandørane av e-posttenester har filter som på ulike måtar klassifiserer enkelte e-postar som spam. Det kan også eksistere filter utover dette, som til dømes frå arbeidsgjevar.
     E-postane sendast frå Avinor si eiga IP-adresse. Avsendaradressene som brukast for e-postane er airport.parking@avinor.no.
  • Det er i hovudsak to måtar ein får spam på:
    • Sjekk spamfilteret ditt og om stadfestinga ligg der kan du hente henne ut. Du kan godkjenne avsendaradressa.
    • E-posten kan ha hamna i spamfilteret til servaren: Ta kontakt med arbeidsgjevaren din eller e-postleverandør for å godkjenne e-postar sende frå airport.parking@avinor.no.

Kan eg få bestillingsstadfestinga på SMS?

Det er ikkje mogleg å få bestillingsstadfestinga på SMS per i dag.

Kan eg bestille fleire parkeringar samstundes?

Du kan ikkje leggje to parkeringar i same “handlekorg”, berre ei om gongen. For å bestille fleire parkeringar må du gjennomføre like mange bestillingar som det du har behov for. Kvar bestilling vil få eit unikt referansenummer.

Om du har eit betalingskort der banken din avviser duplikat, og prisen er den same for alle parkeringane, kan du oppleve problem med betalinga. Dette vil då også gjelde ved andre kjøp du gjer med same kort som gjev to eller fleire transaksjonar rett etter kvarandre på same stad med same beløp. Bruk då ulike kort for å betale parkeringane.

Hugs korrekt skiltnummer på dei ulike bilane du bestiller parkering for!

Kan eg gje bestillinga mi til nokon andre?

Bestillinga og stadfestinga kan ikkje overførast frå deg til ein annan person. Du må gjere ei ny bestilling. Sjå i spørsmål & svar lenger ned om korleis du eventuelt kan endre eller kansellere bestillinga di.

Kan eg bruke bestillinga på eit anna parkeringsanlegg eller ei anna lufthamn?

Du kan ikkje bruke bestillinga di på ei anna lufthamn eller parkeringsanlegg utanfor lufthamna. Sjå i spørsmål & svar lenger ned om korleis du eventuelt kan endre eller kansellere bestillinga di.

Spørsmål & svar om p-områda og produkta

Kor lenge før planlagd innkøyring kan eg bestille?

Hovudsakleg må ein reservasjon gjennomførast seinast 5 timar før den planlagde innkøyringa, men det kan vere produkt som avvik frå dette. Slike avgrensingar vil stå i produktskildringa.

  • Om du bestiller “tettare på” innkøyringa enn 5 timar vil du ikkje få opp nokre produkt og du får ikkje bestilt.

Det vil vere tilgjengelege produkt slik at du kan bestille eit år i førevegen om du ønskjer det. Merk at tilbod kan leggjast ut med både lang og kort horisont. Sjå eventuelt spørsmål & svar om korleis du kan endre bestillinga di.

Kor kort/lang parkeringstid kan eg bestille?

Den kortaste parkeringstida du kan bestille er som hovudregel 5 timar. Om du vel kortare parkeringstid enn dette i kalenderen, vil du ikkje få opp nokre produkt. Om du treng ei kortare parkering, køyr til lufthamna og parker på vanleg måte utan ein førehandsreservasjon.

Alle produkt har ei minimum/maksimum parkeringstid eller andre element som avgrensar om produktet kjem opp i søket ditt. Til dømes vil ikkje eit helgeparkeringsprodukt visast om du vel ei heil veke. Slike avgrensingar vil stå i produktskildringa.

Vanlege produkt er stort sett lagde inn slik at du kan bestille opp til til dømes 3-4 veker, men det kan førekome avvik på kor lang parkeringa kan vere. Om du ønskjer ei veldig lang parkering men inkje produkt kjem opp, kan du kontakte parkeringsoperatøren som kan sjå om dei kan hjelpe deg å bestille ei lang parkeringstid. Ver tidleg ute med førespurnaden din. Heilt nedst i desse spørsmål og svara finn du kontaktdetaljane til kundesenteret.  

Kvifor får eg ikkje opp parkeringsprodukt etter søk i kalenderen?

Om du ikkje får opp nokre parkeringsprodukt eller det produktet du ønskjer ikkje visast, kan det vere produktet har ei avgrensing, du er for seint ute eller at produktet er utseld.

  • Om du bestiller “tettare på” innkøyringstidspunktet enn 5 timar, er du for seint ute til å bestille.
  • Somme produkt kan ha ei anna tidsavgrensing enn 5 timar, og dette kan vere årsaka til at du ikkje får det opp.
    • Produktet du er på jakt etter kan ha ei avgrensing på kva tidspunkt det er tilgjengeleg på eller kor lang/kort parkeringstida må vere.
    • Til dømes vil ferietilbod og helgetilbod ha avgrensingar knytte til seg på datonivå og kva dagar det er mogleg å køyre inn samt lengda på opphaldet.
    • Parkeringsområde der det er naudsynt med høg rullering av bilar kan det vere tilbyr avgrensa lengde på opphaldet der.
    • Avgrensingane til eit produkt står gjerne i produktskildringa
    • Produktet kan vere utseld.
      • Det er sett av eit bestemt tal plassar til førehandsreservering. Når eit produkt er utseld har vi ikkje fleire plassar å tilby for førehandsreservering der. Plassane som eventuelt er igjen på parkeringsområdet må haldast av til drop-in parkering.
      • Du kan velje eit anna produkt
      • Du kan køyre til lufthamna og parkere på vanleg måte, utan ei bestilling.
      • Utselde produkt står gjerne oppførte med nemninga “utseld”, men ikkje alltid. For å sjekke om produktet er utseld kan du sjekke ved å velje ein vilkårleg dato eit godt stykke fram i tid.
      • Vi rår til at ein alltid er ute i god tid med bestillinga om ein stadig opplever at favorittproduktet er utseld. Særleg i ferietider, heilagdagar og helger når trafikken er høg.
    • Avgrensingane til eit produkt står i produktskildringra
    • Du kan prøve ein vilkårleg framtidig dato for å sjekke
    • Produktet er ikkje tilgjengeleg i det tidsintervallet du har gjeve opp.

Kan eg bestille ein eigen reservert plass?

Per i dag kan du ikkje bestille ein dedikert parkeringsplass berre til deg. Du bestiller tilgang til parkeringsområdet og det er halde av ein plass til deg på området. Du kan parkere på den plassen du ønskjer så sant han ikkje er markert med at han er reservert til nokon andre (til dømes eit firmanamn, HC eller elbil, sjå også under). Om det er skilta plassar dedikerte til dei som har ei booking er du velkomen til å bruke desse plassane.

Kan eg bestille HC-plass/plass for rørslehemma?

Per i dag kan du ikkje bestille ein dedikert parkeringsplass for rørslehemma. Du kan bestille ein vanleg plass og om det er ledig plass for rørslehemma på parkeringsområdet er du velkomen til å stå der så sant du har gyldig HC-bevis godt synleg i bilen.

Kan eg bestille plass for min elbil/ladeplass?

Per i dag kan du ikkje bestille ein dedikert parkeringsplass for elbil/ladeplass. Du kan bestille ein vanleg plass, og om det er ledig plass for elbil og lading på parkeringsområdet er du velkomen til å stå der. Hugs at bilen aktivt må lade medan han brukar elbilplassen.

Spørsmål og svar om pris

Korleis er produkta prisa?

Alle prisar på nettsida visast i norske kroner og inkluderer mva.

Prisane for førehandsreservering er varierande og kan avvike frå prisen for drop-in-parkering. Vi kallar gjerne prisen for drop-in-parkering “ordinær pris” eller “normal pris”. Prisen for førehandsbestilling refererast ofte til som “booking pris”.  

  • På nettsidene for parkering vil du finne prisliste for drop-in-parkering. Om du er usikker på om det løner seg å førehandsreservere kan du sjå på desse prisane og samanlikne dei med prisen for booking i høve til den perioden du skal stå parkert.
  • Prisen for booking får du ved kalendersøk.
  • I somme tilfelle kan det vere at det ikkje løner seg for deg å førehandsbestille.

Bookingprisane er dynamiske og kan endrast utan forvarsel ved endringar i kapasitet/tilbod/etterspurnad.

Prisen du får på skjermen er berre gyldig på tidspunktet for bestilling og basert på ditt val av dato, tidspunkt og produkt. Når du gjennomfører ein reservasjon godtek du denne prisen på kjøpstidspunktet. Prisen kan vere annleis neste gong du reserverer parkering.

Parkeringa i bookinga er prisa per 24-timars intervall. Til dømes vil 49-72 timar svare til 3 døgn, 73-96 timar svarar til 4 døgn osv.

Er det alltid billegare å reservere plass enn å parkere som drop-in?

I mange tilfelle har vi høve til å tilby ein betre pris på reservering av plass. Årsaka til dette er at ei reservering gjev oss høve til å styre logistikken vår på ein betre måte og utnytte areala optimalt. I dei tilfella der du måtte oppdage (sjå spørsmål over) at det ikkje er billegare, kjem dette av tilbod/etterspurnad på det aktuelle tidspunktet.

Grunnen til at bookingtenesta har dei avgrensingane ho har (til dømes med fristar for endring/kansellering og at ein ikkje kan endre på ei booking som allereie har starta) er med årsak i same element: ved å reservere på førehand får vi meir føreseielege vilkår som vi ved mange tilfelle kan prise litt lågare. Ved avvikande ikkje-planlagde hendingar i reservasjonen din (som om du blir ståande parkert lenger enn reservert tid), kan vi ikkje tilby bookingpris for “overtida”. Spørsmål og svar seinare tek for seg dette.

Vi jobbar stadig med å utvikle tenesta for brukarane våre.

Korleis verkar kampanjetilbod?

Kampanjetilbod vil seie ein lova pris på eit gjeve tilbod i eit avgrensa tidsrom. Kommunikasjonen i marknadsføringa vår skal alltid vere tydeleg på desse kriteria.

Det er ikkje mogleg å få kampanjeprisar utanfor gjeven kampanjeperiode. Kampanjeprodukt vil ha avgrensa tal og kan vere utselde i delar av kampanjeperioden. Ver tidleg ute om du ønskjer eit kampanjeprodukt!

Korleis brukast rabattkode?

Rabattkodar delast av og til ut i kampanjeverksemd eller til bestemte brukargrupper som ikkje nødvendigvis skal ha ein høgare rabatt enn andre, men bestemte produkt tilgjengeleg til ein bestemt pris.

  • Nokre produkt finst berre om du har ein rabattkode ved at koden “låser opp” ein ny produktportefølje.

Om du har ein rabattkode, klikkar du på feltet for “rabattkode” og fyller inn denne, etterfølgd av eit klikk på forstørringsglaset/søk-ikonet. Når koden er korrekt fylt inn vil du få opp tilbodet koden gjeld for.

NB! Rabattkodar kan ha fleire ulike avgrensingar, til dømes både på brukarnivå, kapasitet og tidspunkt osv.

Spørsmål og svar om betaling

Korleis betaler eg?

Når du går vidare til betaling blir du sendt til betalingsløysinga. Denne er sikker og kryptert, og er levert av Nets. Følg instruksjonane på skjermen.

Om du er logga inn med Min Profil, vil du ha høve til å lagre eit eller fleire kort slik at du har dei tilgjengeleg neste gong. Det einaste du treng å hugse på neste gong er CVC-koden din. Resten blir førehandsutfylt i Nets.

Kva gjer eg om betalingsprosessen blir avbroten eller mislykka?

Leverandøren vår av betalingstenester, Nets, oppgraderer stadig løysingane sine av tryggleiksgrunnar. Dette er gode nyhende for alle som betaler for varer og tenester på internett.

Dette fører likevel med seg at kjøp på nettsidene våre (og alle andre nettsider som brukar Nets) må skje med jamlege oppdateringar av nettlesaren. Eldre versjonar av nettlesarar vil truleg feile under betaling. Ei slik oppdatering må kvar enkelt brukar sjølv sjå til at blir gjort. Det er viktig at nettlesaren din er oppdatert til siste versjon ettersom ulike funksjonar og tryggleiksløysingar brukast. Avinor testar nettsidene sine med dei mest brukte nettlesarane, men vi må også følgje dei retningslinjene som m.a. tenesteleverandøren vår for betaling, Nets, krev.

Om betalingsprosessen avbrytast, kan dette kome av fleire ting som det er svært vanskeleg for oss eller kundesenteret vårt å diagnostisere eller å rette på. Dette fordi det gjeld tilhøve som ligg utanfor kontrollen vår og på di side:

  • Nettverket du brukar er ikkje optimalt og kan forstyrre eller avbryte ei økt og med det ein betalingssesjon.
    1. Vent med å bestille til du har meir stabilt nettverk.
  • Nettlesaren din er ikkje oppdatert. Prøv å oppdatere nettlesaren din.
    1. Nettlesarar kan vere til dømes Internet Explorer, Chrome, Safari, Firefox med fleire. Alle nettlesarar oppdaterast på ulik måte, så vi går ikkje gjennom alle dei ulike oppdateringsoppskriftene på nettlesarar her. Du kan enkelt søkje etter “oppdater nettlesar + namn på nettlesar” på til dømes Google og få oppskrift på korleis du oppdaterer til nyaste versjon.
  • Kortinformasjonen din er ugyldig.
    1. Om du har fått nytt kort eller oppdatert eit kort, må du også gå inn og oppdatere kortinformasjonen som du har i Min Profil.
  • Kortet blir avvist av banken din.
    1. Sjekk med banken din om det er problem med kortet ditt.

Merk at i høve til vilkåra våre er det ditt ansvar at det som er nemnt over er i orden, det er du som har ansvaret for å gjennomføre reservasjonen din. Om du ikkje får gjennomført ein reservasjon, eller gjennomfører ein reservasjon feil, er ikkje Avinor eller parkeringsoperatøren ansvarleg for ein eventuell meirkostnad du måtte ha som følgje av dette. Du kan til dømes ikkje krevje å få same pris på vanleg parkering utan booking om du ikkje får bestilt.

NB! Kortet ditt skal ikkje bli belasta om betalingsprosessen avbrytast.

Kva står på transaksjonen min frå banken?

Det er parkeringsoperatøren som er seljaren av parkeringa. Transaksjonen vil difor vere merkt med namnet på parkeringsoperatør + namn på lufthamna på din faktura eller kvittering frå banken.

Spørsmål & svar om informasjonen vi ber deg leggje inn i bestillinga

Kvifor må eg leggje inn personleg informasjon?

Når du har valt ønskt produkt, må du leggje inn ein del personlege data som namn, mobilnummer, e-postadresse og registreringsnummer på bilen.

  • E-postadressa brukast for å sende deg ei stadfesting.
  • Skiltnummer brukast for å kjenne att bilen din ved tilkomst/avreise på lufthamner med skiltgjenkjenning (og også for å ha høvet til å identifisere bilen din ved andre høve).

Du kan velje mellom å registrere ein brukar under “Min profil” eller fortsetje utan å registrere ein brukar.

Ingen detaljar om deg blir lagra om du vel “utan min profil”, men du må då leggje inn informasjonen kvar gong du bestiller.

NB! Hugs å leggje inn korrekt skiltnummer på den bilen du har tenkt å bruke når du kjem fram til flyplassen. Om du kjem fram med ein annan bil enn det du har gjeve opp, vil du bli belasta dobbelt. Skiltnummeret fungerer som parkeringsbilletten din.

Kan eg leggje inn to registreringsnummer i bestillinga?

Nei, du kan berre leggje inn eitt registreringsnummer. 

I Min Profil kan du leggje inn fleire registreringsnummer, og velje den av dei du ønskjer å bruke i bestillinga di.

Sjå også spørsmål og svar om korleis du kan endre registreringsnummeret i bestillinga.

Spørsmål & svar om endringar og kansellering av bestillinga

Kan eg endre eller kansellere bestillinga mi?

Ja, du kan både endre og kansellere bestillinga di sjølv innan ein gjeven tidsfrist.

Kva er tidsfristen for endring og kansellering?

Som hovudregel må ei endring/kansellering gjennomførast seinast 5 timar før innkøyringstidspunktet i reservasjonen. Etter denne tidsfristen vil ein ikkje kunne gjennomføre ei endring/kansellering.

  • Tidsfristen for endring og kansellering heng saman med tidsfristen for kor tett opp til innkøyringa du kan booke. Tidsfristen er den same. Tidsfristen vil kome fram av produktskildringa når du bestiller.

Merk at somme parkeringsprodukt ikkje kan endrast eller kansellerast eller ha ein annan tidsfrist enn nemnt over. Det er då gjerne snakk om spesielle tilbod eller kampanjar. Dette vil kome fram av produktskildringa når du bestiller.

Kan eg endre registreringsnummer på bestillinga?

Ja, du kan endre dette under “kjøp” når du har logga inn på “Min profil”. Eller du kan endre det under “administrer bestilling” om du har booka utan profil. Merk at du kan endre registreringsnummeret inntil 2 timar før parkeringa startar. 

Korleis endrar eller kansellerer eg parkering (administrere bestillinga)?

Du kan administrere bestillinga di på to måtar avhengig av om du brukar Min Profil eller ikkje.

Dette avheng av at du gjennomfører endringa eller kanselleringa innan tidsfristen omtalt i tidlegare spørsmål og svar. Uansett kva måte du vel å endre på, vil du få ein e-post som stadfestar endringa eller kanselleringa di. Merk! Les også lenger ned om kva som skjer når du endrar bestillinga di!

Slik gjer du:

Du har bestilt med Min Profil:

Metode A) Logg inn på Min Profil, gå inn på “Mi Parkering” og finn riktig booking under “kjøp”. Deretter kan du gjere ønskt endring eller kansellering ved å følgje lenkjene og instruksjonane på skjermen.

Metode B) På parkeringssida til lufthamna du har bestilt på finst ein boks som heiter “administrer bestilling”. Klikk på denne og søk opp bookinga di. Her treng du bookingnummer og e-postadresse. Her endrar eller kansellerer du utan å vere logga inn i Min Profil.

Du har ikkje brukt Min Profil då du bestilte:

På parkeringssida til lufthamna du har bestilt på finst ein boks som heiter “administrer bestilling”. Klikk på denne og søk opp bookinga di. Her treng du bookingnummer og e-postadresse.

Deretter kan du gjere ønskt endring eller kansellering ved å følgje lenkjene og instruksjonane på skjermen.

Kva element i bestillinga kan eg administrere?

Så sant du gjennomfører endringa eller kanselleringa innan tidsfristen omtalt i tidlegare spørsmål og svar kan du administrere følgjande element i bestillinga di:

  1. Personlege detaljar slik som registreringsnummeret på bilen du skal køyre eller e-postadressa stadfestinga skal sendast til: Klikk på blyanten ved sidan av namnet ditt.
  • Som hovudregel må dette skje seinast 2 timar før innkøyringstidspunktet. Er det tettare på innkøyringa enn dette må du kontakte kundesenteret til p-operatøren, du risikerer å bli dobbelt belasta utan rett til refundering. Du finn kontaktdetaljar til sist i desse spørsmål & svara.
  • Du vil få ei stadfesting når du har endra t.d. nummerskiltet på bilen.
  1. Produkt/p-område eller tid for inn- og utkøyring: Klikk på “Endre booking”
  • Som hovudregel må dette skje seinast 5 timar før innkøyringstidspunktet, eller i høve til spesifikasjon på produktet.
  • Når du endrar ei booking vil den gamle bookinga automatisk kansellerast og tilbakebetalast, og ei ny booking opprettast som du betaler for. Dette er skildra i vilkåra.
  • På mail vil du få ei kanselleringsstadfesting på den gamle bookinga (inkl. refundert summen) og ei ny stadfesting på ny booking.
  • Om produktet du endrar er utseld kan det vere du må endre til eit anna produkt.
  1. Sende ny stadfesting: om du til dømes har mista stadfestinga di.
  2. Kansellere bookinga: klikk på “kanseller”
  • Dette må skje seinast 24 timar før innkøyringstidspunktet, eller i høve til spesifikasjon på produktet (sjå vilkåra).
  • Kansellering etter innkøyringstidspunktet er ikkje mogleg, sjå vilkår.
  • Ved kansellering vil beløpet automatisk bli tilbakebetalt til det kortet du brukte då du booka. Du vil få ei kanselleringsstadfesting på e-post.

Kva skjer når eg gjer ei endring i bestillinga mi?

Innanfor tidlegare nemnte tidsfrist kan du endre parkeringsområde og/eller innkøyringsdato/tid. Om du endrar ein eller fleire av desse parametrane, så vil den gamle reservasjonen kansellerast og ein ny reservasjon opprettast. Du får automatisk tilbakebetalt beløpet for den “gamle” reservasjonen og betaler inn eit nytt beløp for den nye reservasjonen. Du får stadfesta dette på e-postar.

Merk deg at om parkeringsproduktet du ønskjer å endre til er utseld, må du endre til eit ledig produkt eller kansellere reservasjonen.

Du kan endre personlege detaljar slik som namnet ditt, e-postadresse og skiltnummer på bilen. Ved endringar på berre personlege detaljar vil ikkje ein økonomisk transaksjon råkast og di originale bestilling vil behaldast. Skiltnummer kan endrast 2 timar før innkøyringstidspunktet i reservasjonen. Du vil få ei stadfesting på e-post når du endrar personlege detaljar.

Ved endring eller kansellering kan det vere at du får pengar til gode. Pengar til gode blir automatisk overførte til det betalingskortet du brukte i løysinga for den originale reservasjonen.

Kan eg forlenge parkeringa medan bilen står parkert?

Ei førehandsreservering gjeld berre éi parkering. Det vil seie éi innkøyring med den påfølgjande utkøyringa.

Du kan ikkje endre eller kansellere ein reservasjon etter parkeringstida har starta. Ein kan altså ikkje forlenge parkeringa medan ein står parkert. Om du blir ståande lenger parkert enn det du har bestilt, så behandlast denne “ekstra” parkeringstida som ei vanleg ikkje-bestilt parkering, og du kan betale henne slik du betaler vanleg parkering. Sjå tidlegare spørsmål & svar for korleis du korrekt endrar eller kansellerer bestillinga. Og meir om tilleggsperiodar i seinare spørsmål & svar.

Om du freistar å forlenge parkeringa med å gjennomføre ein ny reservasjon på ein allereie eksisterande reservasjon, vil den nye reservasjonen mangle innkøyring og den første reservasjonen mangle ei utkøyring. Dette vil resultere i tilleggsperiodar for deg som du blir belasta for og du vil ikkje ha rett til refundering. Sjå tidlegare spørsmål & svar for korleis du korrekt endrar eller kansellerer bestillinga. Og meir om tilleggsperiodar i seinare spørsmål & svar.

På kva konto kjem pengane eg har til gode etter ei endring eller kansellering?

Alle tilbakebetalingar som til dømes pengar til gode eller ved kansellering blir automatisk overførte til det betalingskortet du brukte i løysinga for den originale reservasjonen. Det tilbakebetalast aldri til ein annan konto. Avhengig av kva betalingskort og bank du brukar kan det ta opp til ei veke før beløpet er tilbakebetalt, det er bankkort-utferdaren som styrar tilbakebetalingstid.

Kan eg få refundert bestillinga mi?

Det blir ikkje gjeve nokon refusjon etter at reservert innkøyringstidspunkt er passert eller utgått, med mindre du har endra/kansellert etter skildringa ovanfor.

Parkeringstid som er reservert men ikkje brukt (heilt eller delvis) vil ikkje bli refundert, med mindre du har endra bestillinga etter prosedyren ovanfor.

Det blir ikkje gjeve refusjon med mindre du kan vise til ein førehandbetalt bestillingsreferanse/kvittering med gyldig referansenummer. Refunderingar gjerast utelukkande til det kredittkortet den originale betalinga var gjennomført med.

Det blir ikkje gjeve noko erstatning eller refusjon som følgje av manglar eller driftsavbrot av booking-tenesta (t.d. tenesta er utilgjengeleg som følgje av feil eller oppgradering, feil på nettlesar, feil i nettet, feil på eininga du reserverer med o.l.). Avinor eller parkeringsoperatøren er ikkje plikta til å refundere dine eventuelle meirutgifter som måtte følgje av di bestilling/endring/kansellering.

Sjå også vilkåra.

Spørsmål og svar om sjølve parkeringa

Kva gjer eg når eg kjem til flyplassen, og når eg skal forlate området når eg er tilbake frå reisa?

Bilskiltet ditt blir lese ved innkøyring. Det er skiltnummeret ditt som brukast for å gjenkjenne bookinga di og som fungerer som “parkeringsbilletten” din.

På bestillingsstadfestinga di vil det stå nøye forklart kva du skal gjere når du kjem fram til lufthamna:

Før reisa:

  • Sjå til at skiltnummeret på bestillinga di er i samsvar med den bilen du har tenkt til å køyre. Om du har tenkt å bruke ein annan bil enn den du har i bestillinga må du gå inn og endre skiltnummeret. Dette er ditt ansvar. Ved feil skiltnummer vil du risikere å bli belasta ordinær pris i tillegg til det du allereie har betalt utan at det gjev rett til refundering. Sjå eige spørsmål og svar for korleis du kan endre skiltnummer.
  • Set av tilstrekkeleg med tid slik at du veit at du rekk å kome deg frå parkeringsområdet til terminalen i tide. Utrekna normal avstand/tid til terminalen er skildra i produktskildringa. Set også av ei viss tid til å finne fram til riktig parkeringsområde om du ikkje er kjent, finne ledig plass, pakke ut bagasje og liknande. I høgsesong, som ved ferietid og høgtid, er det tilrådd å setje av ekstra god tid på grunn av høg trafikk

På reisedagen:

  • Køyr til det parkeringsområdet du har reservert plass på og parker på ønskt ledig plass som ikkje er markert med reservert til HC, elbil og liknande (med mindre du har bevis på at du har rett til å stå der). Vi kjenner igjen bilen din og veit at du allereie har betalt for tidsintervallet du skal stå parkert.

Når du skal forlate P-området:

  • Køyr ut frå parkeringsområdet. Om du har parkert lenger enn den bestilte tida må du betale for tilleggstida. Sjå eige spørsmål & svar for dette.

Kva parkeringsplass kan eg parkere på med bestillinga?

Så lenge du parkerer på det parkeringsområdet du har bestilt på, så kan du parkere på den plassen du ønskjer så sant plassen ikkje er merkt med reservasjon til andre, slik som plassar merkte med HC, elbil, eit firmanamn eller liknande. 

Om det er eigne plassar reserverte og merkte for dei som har førehandsbestilt parkering, er du velkomen til å parkere på desse plassane.

Kan eg køyre inn og ut fleire gongar på same bestilling?

Ei førehandsreservering gjeld berre éi parkering. Det vil seie éi innkøyring med den påfølgjande utkøyringa. Ein kan ikkje køyre inn og ut fleire gongar på same reservasjon.

Om ein køyrer ut frå parkeringsområdet tidlegare enn det ein har reservert for, vil reservasjonen bli rekna som avslutta. Om ein køyrer inn igjen innanfor same reservasjonstid vil dette starte ei ny parkering som ein vil bli belasta for i sin heilskap. Refundering av eventuell ubrukt parkeringstid i ein reservasjon vil ikkje godkjennast.

Sjå spørsmål og svar for korrekt endring/kansellering av reservasjonen.

Kva gjer eg om eg ikkje finn ein ledig plass på parkeringsområdet eg har booka på?

Dette skal ikkje skje, men om du likevel opplever dette så ta kontakt med kundesenteret til parkeringsoperatøren så vil dei hjelpe deg. Til sist i desse spørsmål & svara finn du kontaktinformasjonen til parkeringsoperatøren.

Kva gjer eg om eg parkerer på feil parkeringsområde?

Om du oppdagar at du har køyrd inn på parkeringsområdet med feil skiltnummer i høve til bestillinga, eller at du har køyrd inn på feil parkeringsområde må du straks kontakte parkeringsoperatøren.

Du risikerer å bli belasta ordinær pris i tillegg til det du allereie har betalt utan at det gjev rett til refundering.

Det er ditt ansvar at det er samsvar med skiltnummeret i bestillinga, bilen du vel å parkere med og at du parkerer på korrekt parkeringsområde.  

Kva skjer om eg kjem tidleg eller parkerer for lenge i høve til bestillinga?

Om du blir ståande parkert utover den tida som du har reservert, vil dette resultere i ein tilleggsperiode. Dette gjeld både om du kjem før reservert innkøyringstid eller etter reservert utkøyringstid.

  • Du må betale for den ekstra tida, uavhengig av årsaka til at parkeringstida har blitt utvida.
  • Om du kjem meir enn 30 minutt før bestilt innkøyringstid, blir du belasta for meirtida.
  • Om du blir ståande parkert meir enn 30 minutt utover bestilt utkøyringstid, vil du bli belasta for meirtid.

Sjå eige spørsmål og svar for korleis du betaler meirtida.

Om du før reisa veit at du vil parkere lenger enn bestilt tid, rår vi til at du endrar bestillinga di. Dette må som hovudregel gjerast 5 timar før innkøyring. Sjå eige spørsmål og svar.

Korleis betaler eg for ein tilleggsperiode/meirtid utover bestilt tid?

  • Ekstratida blir belasta etter normalprisen (prisen for drop-in) på det aktuelle parkeringsområdet. Du vil finne normalprisen på nettsidene våre.
  • Ekstratida vil starte å telje frå parkeringstida utanom reservasjonen, ho vil ikkje inkludere tida du allereie har kjøpt.
  • Betaling for tilleggsperioden gjerast på same måte som vanleg drop-in-parkering.
    • Du kan betale på betalingsautomaten på staden
    • På nett/app-løysinga frå parkeringsoperatøren seinast 48 timar etter utkøyringa.
    • Du kan vente på faktura i posten på tilleggsbeløpet. Merk at det då vil leggjast til eit fakturagebyr
    • Om du ikkje veit om det er ei ekstratid som du vil bli belasta for, rår vi til å bruke nett/app-løysinga til parkeringsoperatøren. Legg inn skiltnummeret til den bilen du brukte, om det ligg ei ekstratid på deg vil du sjå det der, og du kan betale denne direkte.

Til sist i dette dokumentet finn du kontraktsinformasjonen til parkeringsoperatøren.

Kvifor må eg betale vanleg drop-in-pris for tilleggsperioden / ekstratid?

Når du reserverer ein parkeringsplass, må vi planleggje for dette i høve til alle andre køyretøy som også reserverer eller ikkje reserverer på eit parkeringsområde. Når du utvidar opphaldet ditt, kjenner vi ikkje til planen din i god nok tid i førevegen og vi må gjere om på logistikken vår. På grunn av dette kan vi ikkje per i dag tilby å utvide/forkorte ei booking der parkeringstida har starta eller å tilby booking prisar på ei ikkje-planlagd ekstra parkeringstid utover det du har booka. Vi arbeider stadig med å utvikle funksjonaliteten vår i bookingtenesta, så det kan vere at vi i framtida vil ha høve til å tilby dette.

Køyretøy som ikkje hentast etter avslutta parkeringstid

Om du ikkje kan hente bilen din før det har gått 30 døgn etter utkøyringsdatoen som er gjeven opp i førehandsbestillinga, må du ta kontakt med kundesenteret til parkeringsoperatøren. Til sist i dette dokumentet finn du kontraktsinformasjonen til parkeringsoperatøren. Spesifiser følgjande skriftleg:

  • Registreringsnummeret til køyretøyet og andre kjenneteikn
  • Namnet på lufthamna, parkeringsområde og omtrentleg posisjon på området
  • Referansenummer på bookinga
  • Årsaka til at du vart hindra frå å hente køyretøyet, samt informasjon om kva dag du ventar å vere tilbake for å hente det
  • Nye kontaktdata (telefon, adresse, e-post) om desse er endra frå opphavleg bestilling

I tilfelle der vi ikkje mottek (skriftleg) varsel som nemnt over, reknast bilen som forlate. I slike tilfelle vil vi ha rett til å taue bort bilen for eigars rekning samt belaste kredittkortet til bestillaren for medgått parkeringstid (med mindre vi får skriftleg melding om å gjere noko anna).

Andre spørsmål og svar

Kan eg få stadfesting på at eg faktisk parkerte med reservasjonen?

Avinor og parkeringsoperatøren tilbyr ikkje stadfesting for faktisk brukt booking, det vil seie ei stadfesting som seier at du faktisk parkerte med bookinga (som ein “flown ticket”). Om dette er eit krav frå arbeidsgjevaren din, kan det vere at booking ikkje passar for deg og at du bør parkere på vanleg måte utan ei booking.

Kvar finn eg informasjon om Ferieparkering for Avinor sine tilsette og partnarar?

Du vil finne ein eigen Q&A på intranett og ekstranett med ofte stilte spørsmål som gjeld ferieparkering.

Det er ansvaret ditt å gjennomføre ein reservasjon

Det er du som har ansvaret for å gjennomføre reservasjonen din. Om du ikkje får gjennomført ein reservasjon, eller gjennomfører ein reservasjon feil, er ikkje Avinor eller parkeringsoperatøren ansvarleg for ein eventuell meirkostnad du måtte ha som følgje av dette. Dette gjeld uansett årsak. Om eininga du reserverer frå feilar, nettverket du brukar ikkje er optimalt, betalingskort ikkje aksepterast, betalingsteneste frå Nets er nede, nettsida vår opplevast som nede og liknande.

Om nettsida vår er nede som følgje av oppgraderingar vil dette alltid gjevast melding om på nettsida slik at du vil vere klar over dette.

Vi rår alle til å vere tidleg ute med bookinga si.

Kva er kontaktinformasjonen til Kundesenteret?

Om du ikkje fann svar på spørsmålet ditt i denne lista kan du ta kontakt med kundesenteret til parkeringsoperatøren. Alle spørsmål som gjeld parkering skal sendast dit. Finn lufthamna di i lista og kven som er parkeringsoperatør der. Under lista finn du kontaktdata.

Apcoa Parking

Apcoa Parking

Onepark

Alta lufthavn

Bergen lufthavn

Oslo lufthavn

Bardufoss lufthavn 

Stavanger lufthavn

 

Bodø lufthavn

Trondheim lufthavn

 

Brønnøysund lufthavn

 

 

Florø lufthamn

 

 

Førde lufthamn

 

 

Hammerfest lufthavn

 

 

Harstad/Narvik lufthavn

 

 

Haugesund lufthavn

 

 

Kirkenes lufthavn

 

 

Kristiansand lufthavn

 

 

Kristiansund lufthavn

 

 

Lakselv lufthavn

 

 

Leknes lufthavn

 

 

Mo i Rana lufthavn

 

 

Molde lufthavn

 

 

Mosjøen lufthavn

 

 

Namsos lufthavn

 

 

Røros lufthavn

 

 

Rørvik lufthavn

 

 

Sandane lufthamn

 

 

Sandnessjøen lufthavn

 

 

Sogndal lufthamn

 

 

Stokmarknes lufthavn

 

 

Svolvær lufthavn

 

 

Tromsø lufthavn

 

 

Vadsø lufthavn

 

 

Ørsta-Volda lufthamn

 

 

Ålesund lufthavn

 

 

Onepark AS | +47 64 81 19 80 | oslo.lufthavn@onepark.no | Martin Linges vei 25, 1364 Fornebu | Foretaksregisteret 998638984MVA

Apcoa Parking AS (Europark) | +47 22 05 75 00 | kundesenter@apcoa.no | Sandakerveien 138, 0484 Oslo | Foretaksregisteret 929292065 MVA