Reise med dyr

Reglar for transport av kjæledyr kan variera frå land til land og flyselskap til flyselskap.

Hovudregelen er at alle dyr må oppbevarast i eigne bur og sendast i lasterommet. Nokre selskap godtek kattar og små hundar i kabinen, då i små bur eller vasstette bagar. Andre selskap godtek for eksempel ikkje gnagarar om bord i flyet, sjølv ikkje i lasterommet. Kva land du skal reise til kan også påverke kva reglar som gjeld.


Husk derfor å sjekke med flyselskapet ditt, og myndigheitene i mottakarlandet i god tid før avreise.


Sjå også Mattilsynet sine sider om reise med dyr. Mattilsynet har ansvaret for kontrollen av levande dyr som førast inn i Noreg.