Når må eg vere på flyplassen?
Kor tidleg du må vere på flyplassen varierar. Sjekk billetten din eller kontakt flyselskapet ditt for nøyaktig oppmøtetid.
Dei vanlegaste oppmøtetidene er:
- Innland: Innsjekking minst 1 time før avgang.
- Utland: Innsjekking minst 1,5 time før avgang.
- Charter: Innsjekkingsskrankane opnar 2 timar før avgang og stengjer 1 time før avgang.
Må eg sjekke inn?
Dersom du har sjekka inn på førehand og berre har handbagasje kan du gå direkte til sikkerheitskontrollen.
Du må alltid kunne vise reisedokumentasjon, boardingkort eller elektronisk billett i sikkerheitskontrollen.
For å spare tid, ha billettar og pass klart, og ver sikker på at handbagasjen din berre inneheld verdisaker og ting du treng i løpet av reisa.
Innsjekking på automat
Den enklaste måten å sjekke inn på, er ved hjelp av automatane. Dei finn du i nærleiken av innsjekkingsområdet til ditt flyselskap. Her vel du sete og skriv ut boardingkort. Har du bagasje du skal sjekke inn kan du skrive ut bagasjelapp frå innsjekkingsautomaten. Bagasjen leverer du deretter i skranken merka bagdrop. Det vil alltid vere personell frå flyselskapa i området dersom du har behov for hjelp undervegs.
Innsjekking på nett og mobil
Mange flyselskap tilbyr ulike løysingar for deg som ynskjer å sjekke inn på førehand. Her kan du sjølv velje ditt favorittsete, gjere endringar og hente ut anna informasjon. Besøk flyselskapa på nett for informasjon om innsjekking via nett eller mobil.
Sjølvbetent bagdrop
Du kan enkelt handtere innsjekking av bagasje sjølv, enkelt og effektivt. Sjølvbetent bagdrop finn du ved innsjekkingsskrankane i avgangshallen. Du kan berre sjekke inn bagasje opp til 20 kg. Ryggsekkar med reimer må sjekkast inn ved betent bagdrop. Spesialbagasje må sjekkast inn ved eigne innsjekkingsskrankar i avgangshallen.
Flyselskapet kan operere med eigne reglar for bruk av sjølvbetent bagdrop.
