Ørsta-Volda lufthamn skal gjennomgå full reasfaltering i løpet av sommaren. Dette betyr full stenging av lufthamna over ein periode på fire veker og nattestengde periodar både i forkant og etterkant av perioden der lufthamna er heilt stengt.
Heilt stengt
Ørsta-Volda Lufthamn blir heilt stengt i perioden måndag 19. juni kl. 00:00 til laurdag 15. juli kl. 06:00.
Nattestengt
Sidan det er behov for ein del forarbeid og etterarbeid til sjølve heilt stengt-perioden, så vert lufthamna i tillegg stengt.
kvar natt i perioden tysdag 6. juni kl. 21:00 til fredag 16. juni kl. 06:00 og laurdag 15. juli kl. 20:30 til fredag 21. juli kl. 06:00.
Asfalt og banelys
Reasfaltering av ei rullebane er eit omfattande arbeid og heile rullebana skal få nytt dekke. Det same skal taksevegar og flyoppstillingsplassar få.
Alt av banelys og innflygingslys skal også skiftast til LED-belysning som ein del av dette prosjektet.
Viktig investering
Alt i alt så er dette ei stor oppgradering av lys og banedekke for lufthamna for åra framover.
Det blir ikkje mogleg å booke billettar i den perioden lufthamna er stengt.
Kundar må forholda seg til informasjon frå sitt reisebyrå/utsalsstad.